Krisesenter

For nokon er heimen den minst trygge staden å vere. Om du treng nokon å snakke med eller er bekymra for nokon du kjenner, kan krisesenteret hjelpe deg.   

Krisesenteret gir eit tilpassa tilbod til alle menneske som er utsett for vald i nære relasjonar. Det er også mogleg å ta kontakt med krisesenteret dersom du lurer på om du er utsett for vald eller utsetter andre for vald.  

Krisesenteret er eit kompetansesenter på vald i nære relasjonar og driv også med kurs og kompetanseheving. Krisesenteret sine tilsette har teieplikt. 

Tilbodet er gratis.

Ditt nærmaste krisesenter

Krisesenteret i Sogn og Fjordane

Postboks 188, 6901 Florø

Tlf: 57 74 36 00

E-post: post@krisesenteret.sf.no

Nettstad: Krisesenteret Sogn og Fjordane

Kort omtale av krisesentertilbodet på dinutvei.no

Meir informasjon

Dinutvei er ein nasjonal vegvisar ved vald og og overgrep, og på deira nettside dinutvei.no finn du kvalitetssikra informasjon om vald i nære relasjonar, valdtekt og andre seksuelle overgrep. Du kan finne hjelpetilbod nær deg og stille spørsmål i deira anonyme spørsmålsteneste. 

Du kan også ringe vald- og overgrepslinja på tlf. 116 006. Det er ei døgnopen telefonteneste der du får snakke med fagpersonar som lyttar til dine utfordringar, svarar på spørsmål og gir veileiing. Heilt gratis og anonymt. Dei har også ei chatteteneste som er open måndag til fredag frå kl. 09.00 - 20.00.  
 

Informasjonsfilm på fleire språk