Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som er skuleelev og er under 20 år.
Skulehelsetenesta arbeider for å fremje god helse blant born og unge og styrkje deira meistring av kvardagen gjennom helseopplysning, foreldre- og elevrettleiing, helseundersøkingar og vaksinasjon. Skulehelsetenesta kan gi råd og rettleiing om fysisk, psykisk og seksuell helse.
Skulehelsetenesta har i tillegg til fastsett program, også lokale tilbod på enkelte skulesteg. Skulehelsetenesta består av helsesjukepleiar og skulelege. Vi kan samarbeide med andre etter behov og avklaring med eleven og eventuelt føresette. Ved behov kan du bli vist vidare til fastlege, fysioterapeut, psykolog/psykiatrisk sjukepleiar. Alle dei tilsette i skulehelsetenesta har teieplikt.
Oversikt over dagar og klokkeslett er tilgjengeleg på dei ulike skulane.
Grunnskulen
- 1.kl. Helseundersøking ved helsesjukepleiar og lege
- 2.kl. Vaksine (DTP-P: difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt)
- 3.kl. Måling av høgde og vekt. Helseopplysning om kosthald og aktivitet. Helsekartlegging, oppfølging etter behov
- 5.kl. Pubertetsundervisning
- 6.kl. Vaksine (MMR: meslingar, kusma og røde hundar). Undervisning med Nok (Senter mot incest og seksuelle overgrep)
- 7.kl. Vaksine (HPV: humant papilloma virus), to dosar
- 8.kl. Samtale individuelt om helse og trivsel. Måling av høgde og vekt
- 9.kl. Seksualitetsundervisning
- 10.kl. Vaksine (DTP-P: difteri, stivkrampe, kikhoste, polio)
Publisert 31.05.2024 11.05
Sist endra 15.06.2024 11.34