Helsestasjon- og skulehelsetenesta har plikt til å føre journal med helseopplysningar. Journalføring blir gjort på bakgrunn av kva helsepersonell pliktar å notere, og på bakgrunn av kva dei ut i frå ei fagleg vurdering finn nødvendig og hensiktsmessig. Journalen skal bidra til ei fagleg forsvarleg oppfølging av barnet/eleven. I sped- og småbarnsalderen, og så lenge det er naturleg, er det dei føresette som tar vare på dei rettane barnet har som brukar av helsestasjon- og skulehelsetenesta.
Innsynsrett
Føresette/eleven har som hovudregel rett til innsyn i alle opplysningar om barnet/eleven. De har også rett til kopi av desse opplysningane.
Overføring av journal ved flytting/skulestart/bytte av skule
Hovudregelen er at journalen skal overførast ved flytting til ny helsestasjon eller skulehelsetenesta for å sikre fagleg forsvarleg oppfølging. Har de spørsmål i samband med oversending av journal, kan de ta dette opp med helsestasjonen eller skulehelsetenesta før flytting.