Personar som er avhengig av hjelp for å klare dagliglivets gjeremål. Du må ha behov for hjelp grunna sjukdom, funksjonshemming eller aldre. Du må opphalde deg i Bremanger Kommune.
- Reingjering av rom som er i dagleg bruk: støvsuging, støvtørking og golvvask, vask av bad/wc.
- Hjelp til vask av kle i vaskemaskin
- Skifte av sengeklede
- Hjelp til tilrettelegging av måltid etter behov
- Innkjøp av daglegvarer, om ikkje andre ordningar let seg etablere. Lokale butikkar tilbyr seg å køyre varer heim
- Du utføre sjølv dei oppgåvene du kan klare
- Du/din pårørande gir beskjed om du ikkje er heime til avtalt tid, seinast dagen før- eller så raskt som mogleg.
- Du stille til rådigheit nødvendig utstyr til alminnelig husarbeid (støvsugar, mopp/langkost, bøtte, klutar, vaskemiddel)
- Dersom det vert røykt i bustaden, må det luftast godt ut før personell er venta
- Det skal ikkje røykast i bustaden når tenesteytaren utføre sitt arbeid
- Elektriske installasjonar må vere i forsvarleg stand
- Bustaden må vere møblert slik at tenesteutøvaren kan få utføre arbeidet sitt utan store ulemper
- Tenesteytaren må ikkje utsettast for unødig risiko ved ankomst til bustaden, til dømes hundar/båndtvang, mørklagde inngangsparti og liknande.
- Tenesteytarane må møtast på ein respektfull måte og ikkje utsettast for noko form for diskriminering
Søknad
Du nyttar søknadskjema for helse- og omsorgstenester i Bremanger Kommune. I søknaden skriv du kva du treng hjelp til.
Det er heimetenestene i Bremanger Kommune som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk for å kartlegge behova dine. Du vil få eit skriftleg svar på søknaden din.
Elektronisk søknadsskjema
Søknadsskjema på papir (PDF, 123 kB)
Kva kostar det?
Det er husstanden si inntekt som avgjer kva du må betale for heimehjelp.
Har du spørsmål?
Om du har spørsmål, kan du ta kontakt med heimetenesta i det området kor du bur.
Lover og forskrifter