Om du har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid, kan du søkje om omsorgsstønad. Du kan få omsorgsstønad i staden for eller i tillegg til andre helse- og omsorgstenester. Det er kommunen som avgjer om du får omsorgsstønad, og kva nivå denne stønaden skal ligge på. Formålet med ordninga er å bidra til best mogleg omsorg, og at det vert lagt til rette for at den som treng hjelp i kvardagslivet, skal kunne bu heime.
Kva kan du få?
- Eit fast beløp kvar månad som ei godtgjersle for nokon av timane du brukar på pleie- og omsorgsarbeid i heimen
- Omsorgsytaren har ikkje rett til omsorgsstønad. Kommunen står fritt til heller å tilby nødvendige helse- og omsorgstenester direkte til brukaren
- Vedtak om omsorgsløn er tidsavgrensa og vert som hovudregel fatta for eitt år om gongen. Du vil få ei avtale med opplysningar om talet på timar, timelønn og andre vilkår
Krav til søkjar
- Den hjelpetrengande må bu heime
- Omsorgsarbeidet må vere særleg tyngjande og overstige vanlege omsorgspliktoppgåver
- Må ha vedtak om hjelpestønad frå NAV
I søknaden må du begrunne kvifor du søkjer.
Søk helse og omsorgstenester elektronisk
Søk helse og omsorgstenester på papir (PDF, 123 kB)