Helseteneste i heimen

Heimetenester kan bestå av fleire typar tenester som kan bli tildelt etter søknad og ei fagleg vurdering av brukaren sitt behov. Vi kan yte teneste til alle aldersgrupper som treng behandling, pleie- og omsorg i heimen.

I Bremanger Kommune har vi tre geografiske områder som samarbeider tett om å yte tenester i private bustader, Klokkartunet, Haugetun og elles andre kommunale omsorgsbustader.

Vi har ikkje aktiv natt-teneste for heimetenestene i Bremanger kommune.

Mål for tenesta

  • Førebygge, behandle og legge til rette for meistring av sjukdom, skade, liding og nedsett funksjonshemming
  • Gje tenestetilbod på rett nivå ut i frå kartlegging av tenestemottakaren sitt behov
  • At tenestemottakar klare seg i eigen bustad med nødvendig hjelp
  • At behovet for institusjonsplass vert usett eller unngått

Kriterium for tildeling

Tenesta vert tildelt til personar som bur eller oppheld seg i kommunen, og som oppfyller kriteria for å få nødvendig helsehjelp. Vedtaket er eit enkeltvedtak som skriftleg vert fatta i tildelingsnemnda. Det vert lagt vekt på størst mogeleg medverknad frå deg. Kva er viktig for deg i din kvardag? Vi rettleiar og legg til rette, slik at du kan klare mest mogeleg sjølv og om mogeleg bli sjølvhjelpt. I vurderinga vert det lagt vekt på om søkjaren ut frå ei sjukepleiefagleg vurdering er heilt eller delvis avhengig av helsehjelp for å ivareta sine grunnleggjande behov. Søkjaren må heilt eller delvis ha behov for hjelp til å ivareta eiga helse på ein fagleg forsvarleg måte. Tenesta er behovsprøvd og tidsavgrensa.
Heimetenesta tek kontakt med deg for å avtale eit kartleggingsbesøk (dersom ein treng fleire opplysningar i saka. ) Du vil få eit skriftleg enkeltvedtak der det er spesifisert kva ein kan få hjelp til. Funksjonsnivå vurderast fortløpande og tenestene reduserast eller utvidast utifrå hjelpebehovet.

Du kan klage på vedtaket innan fire veker etter du har motteke det. Du må grunngje klagen. Klagen skal du sende til Bremanger Kommune, postboks 104, 6721 Svelgen.

Søknad

Du nyttar skjema for søknad om helse- og omsorgstenester i Bremanger kommune. I søknaden skriv du kva du treng hjelp til. Det kan m.a. vere trenge hjelp med støttestrømper, augedråpar eller medisinadministrasjon.

Elektronisk søknadsskjema

Søknadsskjema på papir (PDF, 80 kB)

Prisar

Det er inga eigenbetaling for helsetenester i heimen og personretta praktisk bistand. Dersom du får helsetenester i heimen, kan du etter tre månader ha rett til gratis tannhelsetenester. 

Har du spørsmål?

Om du har spørsmål kan du ta kontakt med heimetenesta i det området der du bur eller oppheld deg.

Lover og forskrifter