Det er eigendel for undersøking og behandling hos fysioterapeut. Det gjeld hos kommunalt tilsette fysioterapeutar og fysioterapeutar med kommunalt driftstilskot. Det inneber òg fysioterapi utført i heimen/omsorgsbustaden. Faktura for fysikalsk behandling, frå Bremanger kommune, vert sendt i etterkant av behandlinga.
Det er fritak frå eigendel for barn under 16 år, personar med godkjent yrkesskade og for pasientar som er på institusjon.
Eigendelar for fysioterapi gjeld i opptening til frikort for helsetenester. Melding om at du har vedtak på Frikort kjem på sms eller epost.
Informasjon om eigendel for fysioterapi