Bemanningsbase

Bremanger kommune har etablerte stillingar for sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar som ønskjer ein årsturnus med moglegheit for ulike vaktlengder og lange friperiodar. 

Vi tilbyr basetilsette blant anna ein billig plass å bu medan ein arbeider her, reisetilskot, fleksible arbeidstider og varierte arbeidsoppgåver. Det skal vere mogleg for både dei som bur i og utanfor kommunen å arbeide i basen. 

Målet er å kunne dekke behovet for arbeidarar i den kommunale helsesektoren med eigne tilsette og fase ut bruken av eksterne vikarbyrå.

Årsturnus og vaktordning

Vi lagar turnusordningar per år, og dermed vil du vite tidleg når du skal jobbe og når du har fri. Årsturnusen forsøker å leggje til rette for tilsette sine ønskjer for fri og vakter. Vi leggjer opp til lange periodar med fri. 

Vi tilbyr ein stor variasjon av vaktordningar, inkludert langvakter der det er mogleg. 

Bustadar

Det er etablert to bustadar til basetilsette, ein i Svelgen og ein i Kalvåg. Dei er etablert i gangavstand til Svelgen omsorgssenter og Bremanger sjukeheim i Kalvåg, der det er størst behov for bemanning. 

Bustadane kostar 100 kr per døgn.