Barnevernstenesta

Barnevernstenesta 

Barnevernstenesta skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira. Barnevernstenesta gjev naudsynt hjelp, omsorg og beskyttelse til rett tid. Barnevernstenesta skal bidra til at barn og unge blir møtt med tryggleik, kjærleik og forståing, at dei har gode og trygge oppvekstvilkår.

Barnevernslova gjeld for barn under 18 år. 
Tiltak etter § 3-6 kan setjast i verk overfor ungdom inntil dei har fylt 25 år. 

Undersøking 

Ei undersøking etter barnevernslova kan føre til at saka vert avslutta utan tiltak, at det vert sett i verk hjelpetiltak eller at det vert fremja sak for barneverns- og helsenemnda om tvangstiltak. Dersom barnevernstenesta fremjar sak for barneverns- og helsenemnda, vil partane i saka ha krav på fri rettshjelp. 

Hjelpetiltak 

Vilkåra for hjelpetiltak til barn og foreldre etter barnevernslova er knytt til om barnet på grunn av sin omsorgssituasjon eller atferd har eit særleg behov for hjelp. Det er viktig å understreke at tiltak etter barnevernslova ikkje skal erstatte tiltak som barn og foreldre har rett til etter anna lovverk. Aktuelle tiltak kan vere: 

  • Tiltak for å styrke foreldreferdigheter.
  • Tiltak for å styrke barnets utvikling. 
  • Tilsyn og kontroll.
  • Nettverksarbeid/samarbeid med andre tenester.
  • Tilvising til andre instansar.
  • Fosterheim/institusjon. 

Kontakt

Har du spørsmål om barnevernstenesta kan du ta kontakt med barnevernsleiar Tonje Helen Mårstøl, telefon 959 82 962,  e-post tonje.marstol@bremanger.kommune.no.

Postadresse

Bremanger barnevernsteneste
Postboks 104
6721 Svelgen

Meir informasjon