Er du førebudd?

For å styrke beredskapen i samfunnet oppfordra DSB alle til å vere førebudd på å klare seg sjølv i sju dagar.

Oppdatert råd om eigenberedskap frå Direktorat for samfunnssikkerheit og beredskap.

M.a. anbefalt varigheit på eigenberedskapen aukar frå minst tre dagar til ei veke.

Slik bidrar du til noregs beredskap

Eigenberedskap
Kva gjer du dersom straumen vert vekke i fleire dagar, mobilnettet sluttar å  fungere, eller det ikkje er vatn i springen?

Sjølv om Noreg er blant verdas tryggaste land, og alt tyder på at vi vil vere det i tida som kjem, er det lurt å vere beredt dersom noko uforutsett skulle skje.

Dei grunnleggande behova som må dekkast den første veka av ei krise, er varme, drikke, mat, legemidlar, hygiene og informasjon.

Du er ein del av Norges beredskap

DSB har i samarbeid med Oslo kommune, lansert kampanjen "Du er en del av Norges beredskap". Hensikta er å styrke bevisstheita og kunnskapen om eigenberedskap i befolkninga.

Hovudinnhaldet i kampanjen er konkrete råd om kva folk kan gjere for å forberede seg best mogeleg dersom noko skulle skje med kritiske samfunnsfunksjoner – som straum, mobilnett, internett, transport, vatn og avlaup.
- Vi ber deg tenke gjennom kva som kan skje der du bur, korleis du og dei rundt deg kan bli ramma, og korleis de kan handtere det. Ver forberedt på at du og din familie skal klare dykk sjølv i minst sju dagar, seier direktør i DSB.

Kvifor kampanje?

DSBs befolkningsundersøkelse viser at innbyggjarane er lite forberedt på ei krise der mange mistar straumen eller vatnet, eller om det skulle bli vanskeligare å få tak i naudsynte varer.

Noreg er eit svært trygt land, men også vi kan bli ramma av naturhendingar, ulykker, sabotasje, tekniske problem, terror, sikkerheitspolitisk krise eller krig. Sjølv om sannsynligheta for at du vert råka er låg, er det lurt å vere forberedt. Ofte er det ikkje så mykje som skal til. Mange av oss har allereie ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i minst sju dagar.

- Når samfunnet vert råka av ei stor hending eller krise, må hjelpa først ut til dei som treng det aller mest. Jo fleire av oss som er i stand til å ta vare på oss sjølv og hjelpe dei rundt oss ved ei hending, jo betre rusta står vi som samfunn.