I tidsrommet 15. april - 15. september er det eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og mark, utan særskilt løyve.
Dersom du skal gjere opp eld utandørs, er det viktig at du er klar over at du har ei generell plikt til å vise varsemd for å unngå brann. Brot på plikta om varsemd kan føre til både straff- og erstatningsansvar. Det betyr at du alltid må vurdere om det er forsvarleg å tenne opp eld.
Det er ikkje noko lokal forskrift som regulerer bålbrenning i Bremanger kommune. Det er derfor Forskrift om brannforebygging og forurensingsloven med forskrifter som regulerer når, kvar og kva som kan brennast.
Brannsjefen kan på kort varsel innføre forbod mot all bålbrenning, ved f.eks. langvarig tørke og skogbrannfare.
Det er lov å brenne hageavfall som gras og kvist. Hugs at alle bål skal vere sløkte før det blir mørkt. Dersom det er veldig tørt kan det bli totalforbod. Forbod mot brenning av hageavfall blir annonsert i lokalavisa og på kommunen sine nettsider.
Ta kontakt med brannvakta på tlf. 482 23 627.
Publisert 04.04.2024 13.19
Sist endra 01.11.2024 09.27