Generell personvernerklæring

Bremanger kommune har som mål at informasjonstryggleik og personvern skal vere ein naturleg del av verksemda vår. 

For å kunne utøve mynde og tilby deg gode tenester, må vi behandle personopplysingar om deg elektronisk eller i eit register. Personvernerklæringa viser korleis vi behandlar personopplysingane dine, kva opplysingane blir nytta til og kva for rettar du har.

All post som vert sendt til Bremanger kommune er i utgangspunktet offentlege dokument. Det betyr at brev og e-postar som vert sendt til kommunen vert offentleggjort på postlista vår. Kommunen har etter arkivlova plikt til å føre offentleg journal. I journalen skal all korrespondanse til og frå kommunen førast. Brev som inneheld personsensitive opplysningar vert unnateke offentlegheita, og kan dermed ikkje lesast.

Teiepliktige opplysningar og personsensitive opplysningar skal ikkje sendast på e-post.

Dette er ei kortfatta personvernerklæring med hovudreglar. Dersom det er skilnad mellom den og personvernlovgjevinga eller anna regelverk, er det sistnemnde som gjeld. 

Personvernerklæringar for dei einskilde behandlingane