eDialog - Send oss post elektronisk

Med tenesta eDialog kan både privatpersonar og verksemder sende dokument til Bremanger kommune via ein sikker og effektiv kanal.

Korleis bruke eDialog?

  • Logg inn med ID-porten.
  • Du kan skrive og laste opp vedlegg i skjemaet. Du kan også svare på post frå kommunen på denne måten.

Slik brukar du skjemaet

  • Fyll ut obligatoriske felt (merka med raud *).
  • Vel om du er privatperson eller verksemd.
  • Skriv i "Tittel" kva saka gjeld - gjerne med saksnummer frå kommunen sitt brev.
  • I "Kommentar" fyller du ut svaret ditt.
  • Du kan laste opp vedlegg til brevet. Dei vanlege filformata er støtta.
  • Klikk på "Send". Sendinga vert kryptert og sendt direkte til Bremanger kommune. Du får kvittering med referansenummer på SMS og e-post.

Du kan bruke e-post for vanlege spørsmål til kommunen, så lenge du ikkje skriv teiepliktige eller sensitive opplysningar, då brukar du eDialog.

Send oss post elektronisk

Lenkjer

Tilgjengelegheitserklæring - eDialog