Barn og unge skal ha lik moglegheit til å bli med på fritidsaktivitet, uavhengig av familien sin økonomi. Derfor tilbyr vi fritidskortet: ein sum på 2200 kr som skal dekke medlemsavgift og kontingentar på fritidsaktivitetar som idrettslag, kulturskule, 4H og liknande for barn i Bremanger kommune.
Bremanger kommune opnar for betaling via fritidskortet 1. februar 2025. Fram til då er det viktig at lag, organisasjonar og føresette lagar seg ein konto på nettstaden Friskus slik at ein kan dra nytte av tilbodet.
Fritidskortet finn du i Friskus
For at din organisasjon skal kunne vere mottakar av betalingar frå fritidskortet må du ha registrert den som arrangør i Friskus.
Du lagar ein konto som privatperson, og så trykker vidare på “bli arrangør”. For å kunne ta imot pengar via fritidskortet må du også aktivere “Fritidskonto”. Dette knyttast opp til kontonummeret som medlemsavgifta normalt blir betalt til.
Nokre organisasjonar sender ut faktura med KID-nummer, og dette treng medlemma for å kunne betale med fritidskortet i Friskus. Dersom dykk ikkje plar sende faktura (til dømes om dykk berre informerer medlem om pris og kontonummer på SMS) så må den føresette leggje inn barnet sitt namn i staden for KID-nummer.
Du må ikkje ha organisasjonsnummer for å lage ei arrangørside for gratisarrangement. Du kan be Frivilligsentralen om å bruke vårt organisasjonsnummer dersom du vil opprette arrangørside utan å opprette bedrift.
Logg inn eller registrer deg i Friskus
Ein forelder eller annan føresett til barna som vil nytte fritidskortet må registrere seg sjølv og barn i Friskus. Du identifiserer deg gjennom BankID eller anna ID-nummer. Det er gjennom Friskus at betalinga til lag eller organisasjonar blir behandla.
Logg inn eller registrer deg i Friskus
Kommunegrenser
Dersom det er eit fritidstilbod i nabokommunane som ikkje har tilsvarande tilbod i Bremanger, kan du be dei om å leggje seg inn i Friskus. Dei vil då kunne ta imot betaling via fritidskortet frå Bremanger-barn på lik linje som andre lag og organisasjonar innan kommunegrensene.
Treng du hjelp?
Rettleiar i Friskus for brukar (PDF, 49 kB)
Rettleiar i Friskus for arrangør (PDF, 45 kB)
Friskus har også ei rettleiingsside på bokmål.
Du kan også kontakte kommunen på tlf. 57 79 63 00 om du har spørsmål.