Tilsynsgebyr for private avløpsanlegg

Dei som har små, private avløpsanlegg, minianlegg, slamtank eller andre spreidde avløpsanlegg vil få eit gebyr for tilsyn på fakturaen sin. 

Private anlegg med utslepp mindre enn 50 pe skal ha tilsyn frå kommunen. 

I år er gebyret inkludert i fakturaen for 2. termin. 

Kva er tilsynet?

Tilsynsarbeidet består av digitale tilsyn, kartleggingar og dokumentkontrollar i tillegg til fysiske tilsyn. 

Hensikta med gebyret er å dekke kostnadane kommunen har ved tilsynsarbeid. Tilsyn av spreidde avløpsanlegg er noko alle kommunar er lovpålagt å gjere i følgje forureiningsforskrifta. 

Ein del av anlegga i kommunen tilfredsstiller sannsynlegvis ikkje dagens krav til reinsing. Avløpsanlegg har avgrensa levetid, og det er særleg eldre avløpsanlegg som gjev fare for forureining. Målet er at alle avløpsanlegg i kommunen skal ha reinsing i samsvar med dagens krav.

Gebyrlista 2025

Kven skal betale gebyret?

Den eller dei som eig eigedommen med eit avløpsanlegg som ikkje er tilknytt kommunalt avløpsrenseanlegg må betale tilsynsgebyr. 

Du må betale gebyret sjølv om vatnet er avstengt eller eigedommen ikkje er i bruk.

Du må betale tilsynsgebyr også dei åra det ikkje blir gjennomført fysisk tilsyn på ditt anlegg. 

Dersom du har fått gebyr på ein eigedom som er tilknytt offentleg avløpsanlegg, eller som ikkje har innlagt vatn, må du melde frå skriftleg til Bremanger kommune på e-post til post@bremanger.kommune.no eller post til Bremanger kommune, pb. 104, 6721 Svelgen. Opplys om kva eigedom det gjeld (gbnr og adresse).

Eit interkommunalt samarbeid

Kommunane i Nordfjord, inkludert Bremanger, har inngått vertskommunesamarbeid med Gloppen kommune, som utfører tilsynet med dei private avløpsanlegga. 

Forskrift om tilsynsgebyr for Bremanger kommune, blei vedteke av kommunestyret i Bremanger 25.04.2024.

Lenkjer til meir informasjon

Hovudartikkelen om tilsyn av spreidde avløp i kommunen

Informasjon frå vertskommunen Gloppen

Vassforskrifta §4 seier at alle vassførekomstar skal ha god økologisk og kjemisk tilstand. 

Forureiningsforskrifta kapittel 12 fortel kva utslepp som er lov og ikkje lov i små private avløpsanlegg, og kommunen sin rolle i tilsyn og myndigheit.