Vi hadde ein pangstart med rapporter, nye søknader, årsmøtetid og årshjularbeid for alle frivillige lag og organisasjonar! Vi har det hektisk, men gøy!
Dei to store nyhendene
- Aktivitetskalendaren på nettsida til Bremanger kommune vert teke i bruk av lag og organisasjonar.
- Fritidskortet vart lansert. Den gjer at alle personar 6 – 18 år får dekka minst ein organisert fritidsaktivitet i året.
Det er berre å sjå fram til kva for nye aktivitetar som kan dukke opp dette året, i tillegg til dei trufaste aktivitetane vi har i vente.
Vi er, som alltid, super takksame for alle våre frivillige som står på for lokalsamfunnet vårt 24/7 og engasjerer seg av interesse for andre menneskje og gode omgjevnadar i Bremanger.
Takk for at dykk er med oss i arbeidet for vår visjon: "leve, virke, nyte –heile livet!"
Bålet til Troda 4H markerer starten på friluftslivets år
Camilla Nesheim