Temakveld for pårørande til personar med demens

Vi samlast til temakveld tysdag 8. oktober. Uansett om du er ny til rolla som pårørande eller har vore det i mange år, får du både nyttig informasjon og møtt andre som veit korleis det er å vere glad i nokon med demens. 

Temakvelden er på Havlys i Bremanger tysdag 8. oktober kl. 17.30. Du kan melde deg på med SMS til Linda Førde på telefonnummer 482 42 382.

Vi skal innom tema

  • Kva er demens? 
    Informasjon om symptom og åtferdsendringar
    Med demenskoordinator, Linda Førde
  • Pårøranderolla
    Korleis takle omsorgsrolla? Vi gjev innsikt i korleis kvardagen kan sjå ut saman med ein person med demens og korleis best kommunisere med vedkommande. 
    Med Ivar Øien, fagleiar i psykisk helse.
  • Praktiske tiltak i heimen
    Kva for hjelpemiddel og velferdsteknologi kan du ta i bruk?
    Med hjelpemiddelansvarleg