Rekordlågt sjukefråvær

Sjukefråværet i Bremanger er lågare enn på fleire år.  – For Svelgen omsorgssenter er fråværet nede på tre prosent i tredje kvartal, fortel kommunalsjef Anita Solberg.

Ein må tilbake til 2016 for å finne eit nivå som liknar på det ein har denne hausten for kommunen totalt sett.

Kommunalsjef Anita Solberg - Klikk for stort bileteKommunalsjef Anita Solberg Suzanne Sagebø

Dyrt med høgt fråvær

KS har tidlegare fortalt at sjukefråværet i norske kommunar er dyrt. Det er snakk om mange milliardar på landsbasis, ifølgje tal frå Kommunesektorens Interesseorganisasjon. Dermed er det også god kommuneøkonomi å jobbe med å få ned fråværet. På den måten kan ein frigjere midlar til andre føremål i tillegg til at arbeidsmiljøet blir betre.

Sjukefråværet blant dei tilsette på Svelgen omsorgssenter er rekordlågt, fortel Anita Solberg som er kommunalsjef for stab og støtte.

Svelgen omsorgssenter - Klikk for stort bileteSvelgen omsorgssenter Bremanger kommune

Stor nedgang for helse

Bremanger er på rett veg, og det er på sjukeheimane ein finn den store nedgangen. Kulturavdelinga i kommunen ligg aller lågast, men det er innanfor helse ein har hatt dei største utfordringane med høgt fråvær. Det er også her ein no kan hauste fruktene av ei langsiktig satsing.

Kommunalsjef for helse og omsorg, og assisterande kommunedirektør, Randi Ytrehus, fortel at kommunen har jobba målretta med å få ned fråværet blant dei tilsette innanfor alle sektorar over fleire år. Årsaka til at det no er rekordlågt innan helse og omsorgssektoren er samansett. Hovudoverskrifta er likevel tett oppfølging, og tiltak generelt og individuelt. 

– Ein periode låg vi høgt, men no er vi nede på 6,2 prosent for Bremanger sjukeheim, og under fire prosent for Svelgen omsorgssenter, fortel ho. Det er under landssnittet for legemeldt sjukefråvær, som var rett under 10 prosent i 2024.

Ytrehus fortel at dei har jobba aktivt med nærver og fråvær, og at dei no opplever stabil bemanning på institusjonane, sjølv om ein har noko vakanse. Redusert sjukefråvær gir auka kvalitet og stabilitet, seier ho.

– Forklaringa på nedgangen er som sagt samansett. Likevel er vi glade for å kunne registrere at arbeidet gir resultat, og at sjukefråværet no er lågt om ein samanliknar med andre kommunar, og då særleg innanfor helse, avsluttar ho.