Staalnacke, kjend som gründeren bak kleskjeden Moods of Norway, har no inngått eit samarbeid med Visit Nordfjord, kor han jobbar med marknadsføring og merkevarebygging.
Målet er å gjere Bremanger kommune meir synleg som reisedestinasjon gjennom å løfte fram alt det unike og fantastiske kommunen har å by på av naturopplevingar, aktivitetar og vertskap.
Staalnacke sparar ikkje på godorda når han blir spurd om kva inntrykket hans er av kommunen.
– I Bremanger kjem opplevingane som skjulte perler på ei snor, som ein naturleg aktivitetspark. Frå sandstrand til høge fjell, fantastiske folk og opplevingar kor det ikkje står turistar i kø, det er veldig genuint, seier han.
Simen Staalnacke
Bremanger kommune
Kva er Bremanger sitt Eiffel-tårn?
I workshopen vart kreativiteten til reiselivsaktørane utfordra med ei rekke spørsmål og problemstillingar som det vart reflektert rundt i plenum.
Mellom anna skulle aktørane kome fram til kva som er Bremanger sitt Eiffel–tårn. Både Hornelen og Grotlesanden vart nemnt. For mange handlar det om sjølve mangfaldet i naturlandskapet, og dei moglegheitane det byr på av opplevingar.
Ordførar i Bremanger kommune, Anne-Kristin Førde var tilstades på samlinga. Ho har store forhåpningar til arbeidet som no vert lagt ned.
– Arbeidet er utruleg viktig, og gir meg store forhåpningar om at vi i fellesskap skal klare å peike ut tre-fire fyrtårn som kan løfte oss som reiselivsdestinasjon. Betydninga av å få dette til vil ha ein enorm effekt, ikkje berre for reiselivet, men for oss som bur her, for heile kommunen og private aktørar.
Det var stor semje om at ein må halde på det autentiske med Bremanger. Fleire reiselivsaktørar har erfart at det kanskje er møta mellom menneske som legg grunnlag for dei mest minneverdige opplevingane til mange turistar som kjem til kommunen vår. Små augeblikk ute i ein båt med ein ekte fiskar som byr på seg sjølv og fortel historier om livet sitt her.
Simen Staalnacke leia ein kreativ workshop med reiselivsaktørane i kommunen.
Ingvill Flo
Storsatsing på reiseliv
Arbeidet som no blir gjort inngår i ei større satsing på reiseliv i kommunen, kor målet er å auke verdiskapinga i reiselivet året rundt, og skape positive ringverknader for næringsliv og lokalmiljø.
Fleire reiselivsbedrifter i Bremanger kommune har delteke i vekstprogrammet SMB Utvikling i perioden 2023-2025, i samarbeid med Bremanger kommune og PwC (snart Tell Norge).
SMB Utvikling skal bidra til å skape vekst i små og mellomstore bedrifter.
Leiar i PwC Stryn Ingvill Flo
PwC
– Som ein del av programmet har dei gjennomført bedriftsutviklingstiltak i eigne bedrifter og delteke på fleire nettverksmøter for reiselivsaktørane og kommunen. Fleire gode tiltak er etablert både på bedrifts- og kommunenivå. No er målet å vidareføre prosjektorganiseringa dei siste par åra til «varig drift», fortel leiar i PwC Stryn, Ingvill Flo.
Det skjer med andre ord mykje spanande på reiselivsfronten i kommunen vår for augeblikket.
Flo peikar på satsinga til Hornelen Panorama, som ho meiner verkeleg har potensial for å bli eit ikon med si storslåtte utsikt rett mot Hornelen. Samstundes har vi Knutholmen som deltek på Innovasjon Norge sitt nye Global Growth program for satsing mot den amerikanske marknaden.
Ifølge Flo er det fleire idear i støypeskeia. Dei kreative workshopane med Simen Staalnacke utgjer avslutningsfasen i vekstprogrammet, kor profilering av Bremanger som reisemål og historieforteljing rundt destinasjonen har vore tema.
Før samlinga på Knutholmen vart det eit besøk til Hornelen Panorama. Fv. John Olav Lefdal (dagleg leiar i Davik Fjordparadis), kommunalsjef Karl Vidar Førde, Simen Staalnacke (Visit Nordjord), Steffen Lofnes (Hornelen Panorama).
Ingvill Flo
– Arbeidet framover må sjåast i samanheng med viktige satsingar i det regionale reiselivet og i Visit Nordfjord. For å vidareføre arbeidet vil reiselivsnæringa og kommunen vurdere etablering av lokalt reiselivsråd som set retning og struktur på arbeidet. Dette er i tråd med føringane i den nye strategiplanen til Visit Nordfjord, som kommunane i Nordfjord har vore med å utvikla. Eit viktig og riktig steg, og i Bremanger er vi sjølvsagt offensive, seier Flo.
Neste reiselivssamling vil gå føre seg tysdag den 25. november på Dampen på Davik.