Kunstklubben er i gang igjen

Etter mange år i dvale er kunstmiljøet i Svelgen igjen aktivt. Primus motor denne gong er Therese Furset Vadstein. – Vi starta opp 8. mai og møter opp ein gong i veka på kulturhuset Realen, fortel ho.

Svelgen kunstlag var aktive i mange år med lokale utstillarar og kunstnarar som hadde tilknyting til lokalsamfunnet eller kommunen. Men så gjekk fleire av dei gamle ut og kunstmiljøet stoppa sakte, men sikkert opp. No har dette kreative miljøet lagt nede i fleire år.

I Kalvåg har Knutholmen etablert Galleri Torsheim som eit vitalt nytt tilskot, og på Davik opna nyleg salsutstillinga Artcom Expo International i Borgstova der. 

Men i Svelgen har det vore stille på kunstfronten.

Kultursjefen spurte

Og stille var det heilt til kultursjef Norvall Klungresæter ein dag spurte om Therese ville starte opp på Realen, og det ville ho. Saman med nestleiar Anastasiia Tarasova frå Ukraina er dei godt i gang:

–No har vi hatt to samlingar med både vaksne og barn.

– Korleis blei du sjølv interessert i kunst?

–Både tanta mi og mor mi laga bilete. Så begynte eg med dette sjølv, kjøpte inn lerret og pensel og tenkte eg ville forsøke å lage noko eige. Då fekk eg smaken på visuell kunst, og opplevde at det var veldig kjekt å arbeide med å skape noko. Det fine er at en kan drøyme seg vekk i timesvis når ein arbeider med eit bilete.

–Kva motiv likar du helst å jobbe med?

–Dyr og ansikt, natur. Slike motiv blir eg inspirert av.

Også på Heimen

På Hauge har det også blitt starta ein kunstklubb der deltakarane lagar eigne bilete. I ytre er staden Heimen for dei kreative samlingane. Også desse utøvarane møtest ein gong i veka. 

Så kva materiale arbeider dei med? I Svelgen er det som kjent ein tradisjon for akvarell, og slik er det framleis ifølgje Vadstein:

– Akvarell og akryl ja. Det går mykje i det.

– Kor mange var de på sist samling i Svelgen?

– Åtte vaksne og seks ungdommar. Det var veldig kjekt. Vi prøvar ut litt ulike metodar for å sjå kva som fungerer. Det er veldig kjekt at dei yngre vil vere med. Samtidig kan det hende vi skal ha ein eigen kveld berre for vaksne. Eg trur vi treng det i tillegg, avsluttar ho.