I den siste kåringa til Norsk Kulturindeks kjem Bremanger på andreplass etter Bykle i Setesdal. Det er Telemarkforsking som kvart år publiserer denne rapporten. Lenke til Bremanger si plassering finn du her: https://kulturindeks.no/rapport/46/3/8

Betre dokumentasjon
Raimund Hoclas, som er rektor for kulturskulen i Bremanger, er glad for den sterke plasseringa, og seier det er fleire forhold som ligg til grunn for det gode resultatet:
– Bremanger har vore sterke lenge, så her er det gjort eit godt arbeid gjennom mange år. Samtidig ser vi at no blir nesten 100 prosent av aktiviteten vår registrert gjennom eit nytt datasystem som heiter SpeedAdmin. Det betyr at vi får ein grundig og god dokumentasjon av det arbeidet som blir lagt ned.
Raimund Hoclas i kjent stil med kontrabassen.Gratis kulturkarusell
Hoclas fortel at dei har fleire prosjekt som fungerer godt.
Kulturkarusell med elevar frå første og andre klasse er populært. Dette tilbodet er gratis. Men han viser også til korps og kor, teatermiljøa, og det frivillige kulturlivet som legg eit godt grunnlag for deltaking i Kulturskulen.
– Vi får i det heile mykje ut av dei ressursane vi har. At dei tilsette kulturarbeidarane ikkje opplever like gode rammevilkår er ei anna sak som kan vere verdt å ha med seg, seier han.
Tilbyr flest timar
Ifølgje kulturindeksen publisert av Telemarkforsking er Bykle og Bremanger dei kommunane i landet som tilbyr flest undervisningstimar innan kulturskule relativ til innbyggartalet. Dette er hovudforklaringa på den høge plasseringa.