Informasjon om årets haustvaksinasjon

Sesongen for luftvegsinfeksjonar er i anmarsj, og Bremanger kommune tilbyr difor vaksinasjon mot influensa, korona og lungebetennelse (pneumokokkar) for dei i målgruppene.

Vaksinasjon er det viktigaste verktøyet vi har for å førebygge alvorleg sjukdom. I tillegg til vaksine mot influensa og korona, blir det i år også tilbode vaksine mot lungebetennelse (pneumokokkar) for dei som fyller 65 år i 2025 (fødd i 1960).

Du kan ta vaksine mot korona, influensa og pneumokokkar på same tid dersom du er i målgruppene for alle. Det er litt ulike tilrådingar for dei forskjellige vaksinene, som du kan lese meir om lenger nede. 

Hugs legitimasjon, eller skriv ned fødselsnummeret ditt dersom du ikkje kan dette utanåt. 

For å minske kø, ber vi om at du kler deg slik at armen er lett tilgjengeleg. 

 

 

 

 

 

Datoar for vaksinering

Svelgen: 23. oktober mellom kl. 12.00 og 18.00. 

Vaksineringa vil føregå i Idrettshallen ved Svelgen oppvekst. 

Det er sett opp tidspunkt for dei ulike grendene rundt Svelgen for å unngå lang kø. Du kan møte opp på andre tidspunkt, men då må du vente deg lang kø. 

12.00 - 13-30: Svelgen sentrum

13.30 - 15.00: Årebrot, Botnane, Myklebust, Gulevegen, Kringomvegen, Krokvegen. 

15.00 - 16-30: Rugsund, Leirgulen, Davik, Ålfoten

16.30 - 18.00: Ope tidspunkt for andre

Hauge: 30. oktober mellom 12.00 og 18.00.

Vaksineringa vil føregå i Bremangerhallen ved Hauge oppvekst. Det er ikkje sett opp liste eller delt inn i område. Møt opp når du ha høve. 

Kven er tilrådd influensavaksine?

  • Alle som fyller 65 år i år eller er eldre.
  • Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader.
  • Gravide i 2. og 3. trimester.
  • Personar frå 6 månaders alder med desse kroniske sjukdommane eller tilstandane:
  • Kronisk lungesjukdom (inkludert astma).
  • Kronisk hjarte-/karsjukdom.
  • Diabetes.
  • Kronisk lever- eller nyresvikt.
  • Nevrologisk sjukdom eller skade.
  • Svekka immunforsvar (både på grunn av sjukdom og behandling).
  • Svært alvorleg fedme (KMI over 40).

Kven er tilrådd koronavaksine (oppfriskingsdose)?

  • Alle som fyller 75 år i år eller er eldre.
  • Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader.
  • Personar frå 6 månaders alder med dei same kroniske sjukdommane som lista over for influensa.

Tilbod til deg mellom 65 og 74 år: Sjølv om den generelle tilrådinga om oppfriskingsdose gjeld frå 75 år, får alle i aldersgruppa 65–74 år også tilbod om vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet dersom dei sjølve ynskjer det.

Kven er tilrådd vaksine mot lungebetennelse (pneumokokkvaksine)?

Alle som fyller 65 år i 2025 (personar fødde i 1960).

Andre personar med særskilt risiko for lungebetennelse eller personar som ikkje er omfatta av programmet, men likevel ynskjer vaksine, kan ta kontakt med fastlegen sin for rettleiing.