Forskingsprosjekt ved moloen i Iglandsvik

Havkraft AS legg ut bølgjemålar i sjøen utanfor moloen i Iglandsvik. Bøya måler bølgjeaktiviteten for å sjå om Iglandsvik eignar seg til vidare testing av bølgjekraftsteknologi. 

Bøya som vert lagt ut er liten og diskre, og skal liggje i sjøen nokre månadar. Den er ikkje noko hinder for ferdsel eller annan sjøaktivitet i området. 

Utvikling av ny grøn teknologi

Havkraft er eit selskap som utviklar ny teknologi for produksjon av rein og fornybar energi frå havbølgjene. Dei har valt å teste bølgjemålaren ut i Iglandsvik. 

– Vi opplever Iglandsvik som ein ideell plass for framtidig testing og utvikling, med engasjerte folk, gode forhold og nærleik til havet, seier Havkraft. 

Bølgjekraft reknast som ein svært lovande fornybar energikjelde. Teknologien til Havkraft har lavt naturinngrep og er spesielt utvikla med tanke på å bevare det marine miljøet.