Enormt mange vil flytte til Bremanger

Rekrutteringspakken til Bremanger kommune opplever rekord-interesse.
–Interessa har vore så stor at til påske hadde vi betalt ut over seks millionar i bustadtilskot, seier ordførar Anne Kristin Førde.

Bremanger kommune hadde opphaveleg sett av to millionar til bustadtilskot i 2025, og no ser vi at interessa held fram i form av stadig nye søknadar. Ordføraren fortel at pakken for tilflytting og rekruttering totalt er på ti millionar.

Helle Frogner

Sprengte rammer

Som mange andre distriktskommunar har også Bremanger utfordringar knytt til demografi og folketal. No viser den store interessa for tilskot til bustad at vinden kan ha snudd.

–At dei tildelte tilskota langt overgår det vi hadde budsjettert er berre kjekt, seier Anne Kristin Førde.

Ordføraren lovar at dei skal etterfylle på kontoen for utbetalingar fordi dei ventar fleire søknadar fram mot sommaren.

Informasjon om bustadtilskotet og korleis søkje på det