Bokbad ved havkanten – Det første av mange forfattarmøte

Forfattar Kari Tinnen har skrive bok om Knutholmen i Kalvåg. Onsdag 14. mai kjem ho til Galleri Torsheim for å snakke om Fosse-familien, og arbeidet med boka.

Arrangementet inngår i eit nytt konsept som har fått namnet «Bokbad ved havkanten», og som er eit initiativ frå Tilflyttarkontoret i Bremanger. 

Arrangementet i Kalvåg har gratis inngang for alle som vil kome, og forfattaren vil signere bøker til dei som har lyst å kjøpe etter samtalen på scena.

Arrangementet varar omtrent ein klokketime.

Tidspunkt for forfattarmøtet

 Onsdag 14. mai klokka 18.00.

På Galleri Torsheim.

Om boka

Fosse-familien har vore sentral for utviklinga i Kalvåg gjennom mange år, men ikkje berre dei. For boka om Knutholmen handlar også om andre slekter, familiar og sjøbuer i Kalvåg, og dei rike sildeåra i andre halvdel av 1800-talet. Då hadde 11.000 menneske arbeid i bygda.

–Ekteparet Svanhild og Paul Fosse kom til Kalvåg frå Bergen under dei store sildeåra etter krigen. Den hendinga er viktig for Kalvåg og Fosse-familien, fortel Tinnen.

I dag ser vi spora etter den formidable innsatsen familien har lagt ned i lokalsamfunnet, og der sonen Svein Inge Fosse, «Mr. Kalvåg», har vore ei førande kraft. I dag driv barna hans, Jan Fredrik og Martine som tredjegenerasjon, Knutholmen.

Regelmessige “bokbad” med forfattarbesøk

Arrangementet «Bokbad ved Havkanten» skulle etter planen ha sitt første arrangement i august.

–Men så kom boka om Knutholmen, og då startar vi heller onsdag 14. mai. Det seier Dag H. Nestegard som er prosjektleiar for Tilflytttarkontoret i Bremanger kommune. Han skal leie samtalane i Galleri Torsheim.

–Så startar vi opp igjen i august med ein ny forfattar, og har same opplegget i september, oktober og november, fortel han. Deretter det same våren 2026. 

Ambisjonen er å skape blest for Bremanger gjennom desse arrangementa der vi snakkar med forfattarar som har relevans for dei som bur i området, og er interesserte i litteratur.

Tid og stad for dei neste arrangementa vil bli annonserte på heimesida til kommunen, i media – og i kommunen sine sosiale medium.