Bokbad om utvandringa til Amerika

Forfattar Knut Djupedal kjem til Kalvåg for å snakke om den norske utvandringa til Amerika.

Djupedal frå Selje er aktuell med boka om den første organiserte overfarten kvekaren Cleeng Person stod i bresjen for sommaren 1825.

Mange nordmenn utvandra

Overfarten blir av mange rekna som det norske svaret på Mayflower som sigla vestover frå England to hundreår tidlegare.

Meir enn 800 000 nordmenn emigrerte i løpet av dei generasjonane som følgde etter Cleeng Person over havet til den nye verda. I dag blir det sagt at det bur fleire norsk-amerikanarane i USA, enn det bur nordmenn i Norge. Berre irane hadde større prosentvis utvandring enn det vi hadde. 

Djupedal er sjølv norsk-amerikanar

Arrangementet i Kalvåg er i regi av Bremanger kommune, og heiter Bokbad ved havkanten. Samtalen på Galleri Torsheim blir leia av Dag H. Nestegard. Tidspunktet er onsdag 20. august klokka 18.00. Forfattaren har med bøker for signering. 

Djupedal har vore direktør for Norsk Utvandrarmuseum i Stange, og er spesielt opptatt av utvandringa frå Nordfjord. Interessa byrja med den opplevinga han sjølv fekk som utvandrar. Året var 1955, og det var skipet Oslofjord frå Den Norske Amerikanlinje som frakta mora og fire søsken frå Selje til det lova landet i vest. 

Som 22-åring kom Knut Djupedal tilbake til barndomens norrøne rike. Seinare reiste han til Amerika igjen, og tok ein master i historie ved University of Oregon på den amerikanske Stillehavskysten. Han heldt så fram med ein magistergrad i folkloristikk ved Universitetet i Bergen.

Utvandringa frå Bremanger

Men det skal ikkje berre handle om Knut Djupedal under bokbadet i Kalvåg. Liv Marit Bøen er leiar for Sogenemnda i Bremanger. Ho kjem for å snakke om markeringa av utvandringa frå Bremanger kommune, og korleis dette arbeidet er lagt opp.

Bilete av forfattar Knut Djupedal - Klikk for stort bileteForfattar Knut Djupedal Bård Løken, Anno Museum Bilete av kvekaren Cleng Peerson på eit norsk frimerke frå 1947 - Klikk for stort bileteKvekaren Cleng Peerson på eit norsk frimerke frå 1947