Kva finn du på postlista?
Postlista gjev ei oversikt over inngåande og utgåande brev som kommunen mottek kvar dag. Dokumenta vert lagt ut på heimesida under fana Innsyn tre arbeidsdagar etter at dei er kontrollert av arkivet. Dokument er i denne samanheng brev, e-post, SMS, meldingar i ulike sosiale medium m.m. Det er reglane i offentleglova som avgjer om dokumenta er opne for alle.
Postlista vert oppdatert kvar vekedag.
Saker til politiske utval finn du ved å besøke møteplanen vår her.
Bremanger kommune brukar sak/arkivsystemet Acos websak. I dette programmet ligg fleire arkivseriar (gruppering av dokument). Dokument i arkivseriane saksarkiv, gards- og bruksarkiv, planarkiv og møtearkiv vert lagt ut på postlista.
Dokument på postlista vert liggjande i to år.
Søk i postlista her
Kva finn du ikkje på postlista?
Det du finn på postlista er berre ein avgrensa del av kommunen sine samla dokument.
Dette er dokument der mottakar og avsendar er kommunen sine eigne sakshandsamarar. Interne dokument i sak/arkivsystemet kjem ikkje på postlista.
Arkivseriar med opplysningar om personar kjem ikkje på postlista. Døme på dette er:
- Elevarkiv og arkiv over barnehagebarn
- Klient- og pasientarkiv i helse- og omsorg, sosialtenesta og barneverntenesta
Korleis søkje innsyn i eit dokument?
Dersom du ønskjer innsyn i eit dokument som ikkje er offentleg på postlista, kan du søkje om innsyn ved å klikke på knappen «Bestill dokument».
Dersom det gjeld innsyn i eiga elevmappe, journal eller liknande, skal du søkje om innsyn via elektronisk skjema her. Teiepliktige opplysningar og personsensitive opplysningar skal ikkje sendast på e-post.
Lover og reglar