Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er aktuelt for alle innbyggarane i kommunen, uavhengig av diagnose og alder.

«Velferdsteknologi er en samlebetegnelse på forskjellige typer teknologier i kombinasjon med en tjeneste, som gir personer bedre mulighet til å mestre eget liv og helse» (KS, 2021).  

Velferdsteknologi er eit tillegg til menneskeleg omsorg. Teknologien kan bidra til betre menneskeleg omsorg, ved å gi helsepersonell meir tid til å konsentrere seg om de mellommenneskelege delane av jobben. Bremanger kommunen har allereie fleire velferdsteknologiske løysningar i bruk hos sine innbyggarar.  

Velferdsteknologi kan fremje sjølvstende og eigenmeistring.

Det er eit mål at velferdsteknologi skal gi brukarar meir fleksibilitet i eige liv. Et eksempel kan vere at ein ikkje treng å vente på heimetenesta sine besøk for daglege medisiner, men heller styre dette i større grad ved hjelp av for eksempel medisindispenser.