Fylkeskommunalt tilrettelagt transport (TT-kort)Innbyggjarar med nedsett funksjonsevne kan søkje om å få tildelt eit TT-kort hjå fylkeskommunen. Då får ein tilrettelagt transport i form av drosje eller spesialtransport til rullestol. Dette er for at alle skal ha lik moglegheit til å gjere kvardagslege ting som til dømes å handle, arbeide eller delta i aktivitetar og sosiale lag. Ordninga er for personar over 10 år med langvarig funksjonsnedsetting og som har behov for ytterligare hjelp med å kome seg stadar enn det kollektivtransport tilbyr. Ein får eit ekstra tillegg dersom ein bur 20 km frå nærmaste post i butikk.Ordninga gjev spesiell støtte til blinde, sterkt svaksynte, rullestolbrukarar og andre personar med sterkt nedsett mobilitet. Du får halvparten av kvota på kortet 1. januar og halvparten 1. juli. Ved godkjenning som brukar i løpet av året, vert kvoten rekna frå den dato ein får vedtak om godkjenning.Oversikt over TT-ordninga Søknadsskjema Publisert 27.09.2024 13.35 Sist endra 27.09.2024 13.36