Tenesta for menneske med nedsett funksjonsevne

Tenesta for menneske med nedsett funksjonsevne yter tenester til personar med nedsett funksjonsevne grunna medfødde eller erverva tilstander, som treng langvarige og koordinerte tenester. 

Målsettinga med tenesta er å gje tenestemottakarane med samansette hjelpebehov gode levekår og god livskvalitet. Tenestene skal kompensere for nedsett evne til eigenomsorg, og bidra til at tenestemottakar vert mest mogeleg sjølvhjelpen i dagleglivet.

Butilbod

Nokre personar med nedsett funksjonsevne eig sine eigne leilegheiter, andre leige husvære av Bremanger kommune. Dei fleste kommunale bustadane er samlokaliserte og har tilgang på personale heile døgnet.

Omsorg og oppfølging er tilpassa funksjonsnivået til den enkelte.

Slik søkjer du

Elektronisk søknadsskjema

Søknadsskjema på papir (PDF, 123 kB)

Prisar

Kommunestyret fastset husleigeprisane årleg.

Gebyrregulativ

Lover og forskrifter

Helse- og omsorgstenestelova