Aktiv jobb

Bremanger kommune har dagaktivitetstilbod til deg som av ulike årsaker står utanfor ordinært arbeidsliv. Tilbodet skal bidra til ein aktiv og meiningsfull kvardag saman med andre. 

Vi har to læring- og aktiviseringsstader. Det er på Bakarhuset i Svelgen og Aktivitetstunet på Hauge i ytre Bremanger. 

Begge stadane har ulike tilbod og tenester som kan kjøpast. t.d. strikkeprodukt eller hagearbeid. 

Om jobben

Søkjar må vere motivert for aktivitet og ulike arbeidsoppgåver, og må kunne samarbeide med andre i større eller mindre grupper. Du må ha behov for rettleiing, trening, aktivisering og vedlikehald av ferdigheiter. 

Ut i frå søknad og vedtak om tenesta, vil vi tilpasse ditt behov for oppfølging. Dei to tilboda har forskjellige arbeidsoppgåver og opningstidene er brukartilpasse. 

Begge arbeidsplassane har ei kjernetid kvar arbeidsdag frå kl. 09.00–15.00. Dei har noko redusert tilbod i ferieperioden om sommaren, samt i julehøgtida.

Tilbodet er gratis.