Kva kan du melde bekymring om?
- Helsetilstanden i kvardagen.
- Psykisk helse.
- Personen si oppfølging i ei behandling.
- At den som er sjuk er ein fare for seg sjølv eller andre.
- Svikt i hjelpeapparatet.
For bekymringsmelding til barnevernet er det eige meldingsskjema.
Kva er ei bekymringsmelding?
Ei bekymringsmelding lar deg som pårørande eller bekjent melde ifrå om bekymringsverdige helsetilstandar hos ein annan person.
Det kan vere fornuftig å ta kontakt med personen sin fastlege eller annan ansvarleg behandlar. Dersom du ikkje veit kven som er fastlege eller behandlar, kan du sende inn ei bekymringsmelding til Helse og omsorg i kommunen.
Det er viktig å vere klar over at bekymringsmelding vert lagra i personen sin journal. Pasienten får informasjon og innsyn i bekymringsmeldinga.
Slik sender du bekymringsmelding
Dersom du veit kven som er fastlegen til den du er bekymra for, er det beste å sende bekymringsmeldinga rett dit. Dersom du veit at pasienten nyttar tjenester i kommunen, kan du kontakte tjenestestaden direkte.
Dersom du ikkje veit kven som er fastlege eller tjenestestad, kan du sende bekymringsmelding til Helse- og omsorgstjenesta i kommunen. Helse- og omsorgstjenesta vurderer førespurnaden og sender den vidare til fastlegen, heimetjenesta eller eventuelt andre.
Innhald i bekymringsmeldinga
- Navnet på den du er bekymra for.
- Fødselsdato og adresse på den du er bekymra for.
- Kontaktinformasjonen til den som sender inn bekymringsmeldinga.
- Skildring av det som er årsak til bekymring. Gje gjerne døme.
Kvar sendast bekymringsmeldinga?
Bremanger kommune
Helse og omsorg, eller til fastlegen (navn og kontor)
Postboks 104
6721 Svelgen