Dette kjem i tillegg til stengingane som allereie er i området. Fylkesvegen blir då stengt for all trafikk, det blir ikkje passering på vegen i dette tidsrommet. (Det blir passering mellom opninga 15.40 og fram til ny stenging kl. 16.10.)
Naudetatane er informerte om stenginga. Vegen vil bli opna så snart det er forsvarleg.
Ei ustabil større fjellblokk i terrenget over vegen skal sprengast og demolerast. Tryggleiken for trafikantar og dei som arbeider i prosjektet må ivaretakast, og det er naudsynt å stenge vegen for trafikk.
Fylkeskommunen ber trafikantane planlegge reisa si i god tid, og ber om forståing for ulempene dette medfører.
Fjellblokka som skal sprengast er markert i raudt.
Vestland fylkeskommune