Kalvåg
Kristoffer Mandelid Totland
Kva er ei tilvisingsavtale?
- Ei tilvisingsavtale er ei langsiktig avtale mellom kommunen og ein privat utleigar.
- Målgruppa for bustadar med tilvisingsrett er bustadsøkjarar som ikkje finn leigebustadar i den private utleigemarknaden. Hovedårsaka til dette kan vere mangel på utleigebustadar i kommunen.
- Kommunen sitt mål med avtalen er å skaffe fleire utleigebustadar.
- Avtala gir kommunen rett til å tilvise personar og familiar i målgruppa til 40 prosent av bustadane i eit prosjekt i 20 år.
- Bustadeigar/utbyggar inngår leigeavtale med kvar enkelt bustadsøkjar. Kommunen er ikkje bunden av ei leigeavtale og er ikkje økonomisk part i leigeforholdet.
- Dersom kommunen ikkje har aktuelle bustadsøkjarar kan bustadane leigast ut på den opne marknaden i samsvar med vilkår og fristar som er gjeve i tilvisingsavtala. Leigetakarar som kommunen tilviser, er vanskelegstilte på bustadmarknaden. Det er personar med lite eller ingen behov for oppfølging frå kommunen.
Bustadane skal være av god kvalitet, i gode og trygge bumiljø, og halde standard i tråd med Husbanken sine krav. Les også om tilvisingsavtalar og aktuelle malar på husbanken sine hjemmesider.
Les også om tilvisingsavtalar og aktuelle malar på Husbanken sine heimesider.
Kva er fordelen for deg som utleigar/utbyggar?
- Gunstig finansiering av prosjektet gjennom grunnlån frå Husbanken
- Gunstig rente på heile lånet.
- Husbanken sitt lån til utleigebustadar med tilvisingsavtale kan dekke opptil 85 prosent av markedsverdi, ha avdragstid på inntil 50 år, og moglegheit for å binde renta i inntil 20 år.
- Moglegheit for avdragsfriheit i nokre år (blir vurdert i kvart enkelt tilfelle).
- Kommunen vil hjelpe til å fylle bustadane med leigetakarar, og utleigar får lån frå Husbanken til alle bustadane i prosjektet – ikkje berre dei 40 prosentane kommunen henviser leigetakarar til.
- Minimum 60 prosent av bustadane i prosjektet kan til ein kvar tid leigast ut på den opne marknaden.
Typar bustadar det kan være behov for:
- Bustadar med eitt, to og tre soverom. Les også: Rettleiar for lån frå Husbanken.
- Bustadane skal være av god kvalitet i gode og trygge bumiljø, og ha kvalitet/standard i tråd med Husbanken sine krav, samt byggteknisk forskrift TEK17 (Direktoratet for byggkvalitet).
- Beskriving av kvalitet og bustadstandard må leggjast ved.
Krav til utleigeselskap:
Desse reglane gjeld for profesjonelle utleigarar som skal inngå tilvisingsavtale med kommunen og søkje lån frå Husbanken:
- Utleigar har som formål å eige, forvalte og leige ut bustadar til personar etter avtale med kommunen.
- Utleigar inngår ei samarbeidsavtale med kommunen.
- Utleigeforholdet er basert på husleigekontrakter etter husleigelova.
- Utleigar aksepterar NAV-garanti som depositum.
- Leigetakarar som ikkje blir tilvist frå kommunen, får tilbud om minimum 5 års leigekontrakt.
Tilbodet må innehalde fylgjande dokumentasjon:
- Beskriving av utleigeselskapet med firmaattest, skatteattest nyare enn 6 månadar og kredittvurdering.
- Bustadtype med beskriving av fordeling på 1, 2 og 3 soverom.
- Teikningar: situasjonsplan, plan, snitt og fasadeteikningar - samt prosjektbeskriving.
- Husleigenivå.
- Bustadane si plassering med kort beskriving av bustadane sitt innhald og storleik, planlagt uteareal, universell utforming.
- Dokumentasjon i høve TEK17.
Ved val av aktør/prosjekt skal det vektleggast:
- Beskriving av utleigeselskap
- Plan for forvaltning av bebuarar og bumiljø
- Husleigenivå.
- Bustaden si plassering, spesielt i forhold til offentlige tilbod, kollektivløysingar o.l.
- Kort beskriving om kvalitet og bustadstandard
- Planlagt tidspunkt for ferdigstilling
- Beskriving av planlagt uteareal inkludert eventuelle fellesareal på tomten
- Beskriving om antall soverom, storleik på bueiningane, romfordeling o.l.
- Beskriving av kva tiltak som er tenkt i høve universell utforming
- TEK17 krav
Innsending:
All innsendt dokumentasjon frå tilbydarane vil bli behandla konfidensielt fram til ei eventuell avtale er inngått.
Søknad og søknadsfrist:
Søknadsfrist er 6. februar 2026. Alle søknadar blir behandla av Bremanger kommune i samarbeid med Husbanken. Send inn søknad til karl.vidar.forde@bremanger.kommune.no
Meir informasjon:
For meir informasjon, ta kontakt med Bremanger kommune ved Karl Vidar Førde på e-post karl.vidar.forde@bremanger.kommune.no