Manntalet er oversikt over dei som har røysterett i kommunen. Er du busett i Noreg vert du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen du er folkeregistrert som busett i den 3o.juni 2025.
Dersom du vil sjekke om du er i manntalet, kan du ta kontakt med kommunen på tlf.nr 57 796 30 00, eller ta turen innom rådhuset for å sjekke manntalet.
Bur du i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, vert du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen du var registeret som busett då du flytta frå Noreg.
Har du ikkje vore registrert som busett i Norege dei siste 10 åra, skal du – dersom du røyster, førast inn i manntalet i den kommunen du var busett då du flytta frå Noreg.
Dersom du er uriktig innført eller utelat frå manntalet, kan du sende eit skrifteleg og grunngjeve krav om retting til Bremanger kommune. Send e-post til : hj@bremanger.kommune.no
Har du hemmeleg adresse er du ikkje ført inn i manntalet. Kommunen har oversikt over desse personane.