Oppmoding ved bruk av fyrverkeri

Bremanger kommune ønskjer, i samarbeid med Bremanger hundeklubb, å oppmode alle innbyggjarar om å vise omsyn og halde seg til gjeldande regelverk for bruk av fyrverkeri ved nyttårsfeiringa.

I Noreg er det lov å skyte opp privat fyrverkeri berre mellom kl. 18.00 nyttårsafta og kl. 02.00 nyttårsdag. Vi ber alle respektere dette tidsrommet.

· Vi oppmodar særleg til å samle oppskytinga av fyrverkeri med mykje lyd rundt midnatt, slik at perioden med kraftige smell blir så kort som mogleg.

Kvifor er dette viktig?

Fyrverkeri skaper stor frykt og stress hos både familiedyr, husdyr og ville dyr.  Studiar viser at opptil halvparten av alle hundar har lydsensitivitet, og fyrverkeri er den mest belastande lyden for mange. Kvart år opplever ein at dyr rømmer i panikk, med risiko for skadar, påkøyrslar og i verste fall dødsfall.

Også fuglar og andre ville dyr blir påverka. Kraftige smell kan føre til panikkflukt, utmatting og skadar. Fyrverkeri fører i tillegg til miljøbelastning, brannfare og risiko for personskadar.

Dyrevelferdslova § 3 slår fast at dyr har eigenverdi og skal vernast mot unødige påkjenningar. Ved å vise omsyn kan vi saman bidra til betre dyrevelferd i kommunen vår.

Tryggleik for alle

Ukontrollert bruk av fyrverkeri kan føre til alvorlege skadar på barn, ungdom og vaksne. Handskadar, augeskadar og brannskadar skjer kvart år. Vi ønskjer ingen skadde – og ei trygg feiring for alle.

Vår oppmoding til deg

Vi oppmodar alle til:

  • å halde seg til lovleg tidsrom for oppskyting
  •  å bruke fyrverkeri på ein kontrollert og ansvarleg måte
  •  å velje fyrverkeri med minst mogleg lyd, av omsyn til dyr, menneske og miljø
  • å vise omsyn til naboar, dyr og sårbare grupper

Med små tilpassingar kan vi saman skape ei trygg og fin nyttårsfeiring – for både tobeinte og firbeinte.

 

Takk for det gamle året, og godt nyttår til alle i Bremanger!

Helsing

Bremanger kommune i samarbeid med Bremanger hundeklubb