Meld deg på NordfjordTreffet her!

Programmet for NordfjordTreffet i Svelgen er klart.

Du kan melde deg på her, og ved hjelp av QR-koden nedanfor: 

NordfjordTreffet 2026

Her ser du kva som skal skje: 

Programmet for NordfjordTreffet 2026 - Klikk for stort bileteProgrammet for NordfjordTreffet 2026

Lauritzen held foredrag i samfunnshuset

Den mest kjende av dei tilreisande er medieprofilen Dag Otto Lauritzen. Tysdag 31. mars klokka 16.30 har han foredrag i Svelgen samfunnshus med vekt på energi, humor og sterke historier. Det er gratis inngang for alle som vil oppleve dette. Foredraget er på ca. ein klokketime.

NB: Det er maks 300 ledige plassar i salen. Difor må interesserte melde seg på via denne lenka hos Inviro:

Påmelding NordfjordTreffet 2026 – Gjest

Samlar regionen på Idrettshuset

NordfjordTreffet er eit årleg arrangement som samlar næringslivet frå heile Nordfjord. I fjor var arrangementet i Måløy. I år er det Svelgen som er staden.

Då kjem ca. 60 bedrifter på besøk til Idrettshuset i industribygda for å ha stand der. Arrangementet er delt i to.

Næringslivet i regionen skal først på omvising med Elkem Bremanger, før dei skal ha eit fagleg opplegg med dagleg leiar Linda Hovland frå Framtidsfylket.

Andre del i Svelgen er open for publikum. Ettermiddagen startar i Svelgen Samfunnshus med foredraget til Lauritzen, før det blir utdeling av Nordfjordprisane. Deretter opnar dørene på Idrettshuset der 60 bedrifter frå heile Nordfjord skal vise fram kva næringslivet i regionen har å tilby.

Fotografi av ei tidlegare karrieremesse  - Klikk for stort bileteMotivet er frå eit tidlegare arrangement.