Sida samlar informasjon som skal gjere det lettare for deg å få deg jobb, finne drøymeheimen og sjå fritidstilboda du kan nytte deg av etter jobb.
-Dette er dei tre delane av livet som skal til for å flytte til, og bli verande i, ein usentral kommune, og vi vil gjere det lettare å finne denne balansen her i Bremanger!
Det seier Thomas Thorsnes, trainee i Bremanger kommune. Han vart tilsett i august 2024 for å arbeide med kommunen sin ekstern formidling og for å få denne bulystsida i gong.
Håpar på tilbakeflyttarar
Nettstaden skal vere like aktuell for dei som har flytta vekk som for dei som aldri har høyrd om kommunen før. Ein av dei viktigaste motivasjonane til å flytte er nemleg tilknyting, i følgje Distriktssenteret.
–Mange av dei unge som no flyttar til kommunen har vakse opp her, men flytta vekk for studiar, arbeid eller kjærleiken. Dei økonomiske tiltaka i rekrutteringspakken og oppdatert informasjon om næringslivet gjer det lettare å flytte heim igjen, seier Thomas.
Og det har hatt ein effekt: På bulystsida er historiene til tilflyttarar og heimflyttarar i sentrum! For mange av dei var dei økonomiske goda den siste vesle dytten dei trengte for å flytte til Bremanger.
Eit verktøy for tilflyttarkontoret
I april 2025 etablerte kommunen eit tilflyttarkontor med Dag H. Nestegard som prosjektleiar. Dette er etter modell frå blant anna Årdal tilflyttarkontor.
–Både vi og Årdal tilflyttarkontor har fokusert på suksesshistoriene til dei som allereie har tatt steget og flytta hit, som begge kontora kallar «ambassadørar», fortel Dag.
Han har bakgrunn som journalist og redaktør, og har fått brukt intervjumusklane sine i møte med ambassadørane for Gode Bremanger.
Gode Bremanger samlar nettopp informasjonen han skal formidle i tilflyttarkontoret sitt arbeid: ledige stillingar, framtidige kompetansebehov, ledige hus, tomter eller utleigebustadar, fritidstilbod og økonomiske støtteordningar.
Eit nytt kapittel
Trainee Thomas fullfører traineeåret sitt i juli, og gjev då stafettpinnen vidare til tilflyttarkontoret.
Han har ein siste oppmoding: –Det er mange positive ting i kvardagen her som ikkje kjem til syne i sosiale media, der negativiteten herskar. Ikkje la negativitet vere førsteintrykket til nye innbyggjarar, og vis heller goda frå fjelltoppane, kvardagen og arbeidslivet.
Sjekk ut det gode liv på godebremanger.no

Thomas Reggie Ytrelid Thorsnes
Kommunikasjonsansvarleg
Trainee i Bremanger kommune 2024–2025 gjennom Framtidsfylket
Midlertidig tilflyttar

Dag Hestetræet Nestegard
Prosjektleiar for tilflyttarkontoret Bremanger
Tilbakeflyttar