Åge Steinset i atelieret sitt.Opninga av utstillinga er klokka 17.00. Steinset, som er frå Svelgen, er utdanna psykolog, og har vore aktiv kunstnar heilt sidan ungdomen.
– Det var eit miljø i Svelgen med ein gjeng som laga bilete, fortel han. Magne Valberg var sentral. Arvid Eikevik blei ein del av dette miljøet. Eikevik gjekk seinare på Statens Kunstakademi i Oslo, og vidare på Kunstakademiet i København. For Steinset sin del blei det studiar i psykologi.
Faren var klubbleiar
Faren, Kristoffer, kom frå Steinset i Kalvåg og var opphavleg fiskar. Men så blei han smelteverksarbeidar i Svelgen, og klubbformann etter krigen. Det blei også broren Finn, og brorsonen Olve, så her er linjene lange. Åge fortel at begge foreldra kom frå Kalvåg.
– Far min opplevde dårlege kår for fiskarane. Han var på kveitefiske ved Grønland, og såg kor dårleg dei fekk betalt. Det var armod og elende så langt auge rakk. Difor meldte han seg inn i Arbeidarpartiet.
Universitetslektor i Bergen
For Åge blei det ikkje smelteverket, og arbeid der. Han søkte seg inn på studiar i Oslo, og var seinare universitetslektor i Bergen i mange år.
– Men eg hadde ikkje akademiske ambisjonar, og ville heller male, fortel han.

Opptatt av litteratur
Difor starta han som privatpraktiserande. Då budde han mange år i Florø.
– Då jobba eg berre halvt som psykolog. Den andre halvdelen brukte eg til å male. Eg er minst like interessert i litteratur, seier han, og ler.
Så kva er det med dette behovet for å lage bilete? Åge Steinset fortel at kva føremiddag er han i atelieret for å jobbe med bileta sine.
– Då eg blei 60 slutta eg som psykolog for å male på heiltid. Du forstår, eg får så mykje energi av å jobbe med dette, fortel han begeistra.
Motivkrinsen er gjerne naturen i gamle Sogn og Fjordane. Men særleg Bremanger og kysten. Frøysjøen og fjellplatåa i Svelgen – og Jotunheimen.
Surrealist
Men han lagar også surrealistiske motiv. Han fortel om boka til Sigmund Freud der tema er draumetyding:
– Det var starten på surrealismen. Som psykolog har nattedraumar alltid interessert meg. Ein person kan til dømes vere to personar i draumane våre. Viktige menneske kan bli store for deg, og mindre viktige kan bli små. Slik som teskeikjerringa til Prøysen. Ho er eit utslag av surrealisme.
Han er også opptatt av fjella i Svelgen.Likar helst det figurative
No gler han seg til å stille ut i Øyratunet. Planen er å ta med ca. 15 bilete dit. Og dette er ei salsutstilling om nokon vil kjøpe.
– Der har eg stilt ut før, saman med Ivar Svensøy. Maleria mine handlar stort sett om forteljingar, til dømes om eit trollgarn ved Steinset. Eg likar best å male figurativt, avsluttar han.