
Når året no går mot slutten, vil vi rette ei stor takk for godt samarbeid i året som har gått. Kvar einaste dag blir Bremanger kommune utvikla vidare gjennom innsatsen, engasjementet og omsorga som de viser – til beste for barn, unge, vaksne og eldre.
Tilsette, frivillige og innbyggjarar: de er alle viktige bidragsytarar i fellesskapet vårt. Saman skaper vi ein kommune der det er godt å bu, leve og høyre til. Vi ønskjer dykk alle ei riktig god jul, med rom for kvile, glede og gode stunder, og eit godt nytt år fylt med håp, samarbeid og nye moglegheiter. Julehelsing frå Ordførar Anne Kristin Førde, og kommunedirektør Tom Joensen i Bremanger kommune