Generell informasjon frå Svelgen helsesenter

Svelgen helsesenter informerer om blodprøvetaking, elektronisk timebestilling og e-konsultasjon inkludert video konsultasjon.

Blodprøvetaking - sendeprøver

Shanker sine listepasientar:

Blodprøver kan takast påalle dagar mellom kl. 08.30 - 11.00.

Giritharan sine listepasientar:

Ingen fastlegepraksis inkludert blodprøvetaking på tysdagar. 
Blodprøver kan takast på andre dagar mellom kl. 08.30 - 11.00

Svar på prøvene

Blodprøvene sendast med fly til Fürst Laboratorium i Oslo. Prøvesvar formidlast direkte til pasienten via Helsenorge av Fürst Laboratorium.
Fastlegen gjev i tillegg ei vurdering av prøvesvar gjennom Helsenorge.

 

Elektronisk timebestilling

I Helsenorge, vel “din fastlege”. 

Deretter vel du “kontakt legekontoret”. Der kan du be om ein time og kort beskrive kva det gjeld.

Du får då tildelt ein legetime, og informasjonen om den formidlast via Helsenorge. 

E-konsultasjon inkludert videokonsultasjon

Vil fungere som før, men no er det mogeleg å reservere time mellom kl. 14. - 15. i kontordagar. 

Vanlege eigenandelar og faktureringsgebyr, som opplyst i Helsenorge, gjeld for alle formar for e-konsultasjon ved nye problemstillingar, samt ved forlenging av sjukmelding etter avtale. 
Frikort gjeld òg for e-konsultasjon.

 

- Kontorleiar Shanker