Feirar 10-årsjubileum på Svelgen omsorgssenter den 16. mars

Det nye omsorgssenteret opna i 2016, og fyller difor 10 år i år. Det skal markerast med ope hus mellom kl. 14.30 og 16.00 måndag den 16. mars. 

Fotografi av Svelgen omsorgssenter - Klikk for stort bileteSvelgen omsorgssenter fyller 10 år i år.

Kommunalsjef for helse og omsorg, Randi Ytrehus har mykje godt å seie om det “nye” omsorgssenteret: 

– Med dette bygget fekk vi både ei ideell beliggenheit for tenestene, samstundes som det vart eit løft for Svelgen sentrum. Vi fekk eit flott bygg som er svært funksjonelt og innbydande. Dei som bur i bygget har fin utsikt til dagleglivet i sentrum og bygget er lett tilgjengeleg for besøkande, bebuarar og andre. 

Måndag 16.03, frå klokka 14.30 til 16.00, inviterer vi til ope hus i storstova og vil servere kake og kaffe til dykk som kjem.

Vi byr på lett underhalding og vil vise bilete frå prosjektet starta til det ferdige, flotte bygget som rommar viktige, sentrale funksjonar - og som vi er både stolte av og svært godt fornøgd med, også etter 10 års drift.

Merknad: På plakatane som er hengt opp kring om står det at arrangementet startar kl. 14.00. Det riktige er 14.30.