Er du studerande ungdom? Då kan du søke om støtte
Frå Ole og Anna T. Eikeset’s Fond STI til hjelp for studerande ungdom i Bremanger kommune vert det kvart år delt ut stipend til ungdom som tek utdanning ut over vidaregåande skule t.d. ved fagskulen, universitet og høgskular.
Adobe Stock
Det er styret for fondet som deler ut stipenda. Tildelinga vert gjort innan utgangen av mai.
Slik søkjer du:
Send ein søknad der du informerer om:
- namnet på studiet
- lengda på studiet
- kor mange år som står att av studiet
- dokumentasjon på at ein er student, samt eigen e-postadresse og bustadadresse.
Søknaden kan sendast på e-post til post@bremanger.kommune.no eller til Bremanger kommune, postboks 104, 6721 Svelgen.
Søknadsfristen er 30. april 2026.
Publisert 06.02.2026 13.05
Sist endra 06.02.2026 13.05