Lauritzen er særleg kjend frå TV-skjermen som oberst i realityserien Kompani Lauritzen på TV2. Som proffsyklist er han den første nordmannen som vann ein etappe i Tour de France som er rekna for å vere verdas hardaste sykkelløp.
TV2-profilen Dag Otto Lauritzen kjem til Svelgen.Foredrag i samfunnshuset
No kjem den profilerte idrettsmannen og offiseren til NordfjordTreffet i Svelgen tysdag 31. mars.
Klokka 16.30 har han foredrag i Svelgen samfunnshus med vekt på energi, humor og sterke historier. Det er gratis inngang for alle som vil oppleve dette. Foredraget med Lauritzen er på ca. ein klokketime.
NB: Det er maks 300 ledige plassar i salen. Difor må interesserte melde seg på via denne lenka til Inviro:
Påmelding NordfjordTreffet 2026 – Gjest
Samlar regionen på Idrettshuset
NordfjordTreffet er eit årleg arrangement som samlar næringslivet frå heile Nordfjord. I fjor var arrangementet i Måløy. I år er det Svelgen som er staden med utstillingar i Idrettshuset på Rise, og program på samfunnshuset.
Det kjem meir informasjon frå kommunen om arrangementet.