Føresettportalen er meint for å sende praktiske opplysingar til og frå barnehagen eller skulen. Dette kan vere informasjon om fråvær og aktivitetar. m.m. Ein skal ikkje dele sensitive opplysningar i Vigilo. Du får berre tilgang til opplysingar om eigne barn i føresettportalen.
Tilgang til føresette med foreldreansvar
Berre føresette med foreldreansvar får tilgang til portalen. Kommunen tek utgangspunkt i Folkeregisteret sine registreringar. Dersom det er feil opplysingar i Folkeregisteret, må du sjølv kontakte Folkeregisteret for å rette opp desse feila. Hovudregelen er at føresette med foreldreansvar har krav på same informasjon frå barnehagen eller skulen om sitt barn. Dersom den eine av dei føresette har foreldreansvar åleine, har den andre føresette likevel rett på informasjon. I slike tilfelle får du informasjon etter konkret førespurnad, jf. barnelova § 47, og ikkje som løpande oppdateringar.
Tilgang for andre nære omsorgspersonar
Ein del barn har vaksne rundt seg som ikkje har foreldreansvar etter lova sin bokstav, men som likevel er viktige omsorgspersonar og bidragsytarar i barnet si oppseding. Derfor kan det vere ønskjeleg at dei skal få tilgang til relevant informasjon i føresettportalen.
Dersom du som føresett ønskjer at nære omsorgspersonar skal ha tilgang til føresettportalen, sender du spørsmål til skulen eller barnehagen med eit slikt ønskje. Bremanger kommune innhentar då samtykke frå begge føresette, dersom det er to, før det blir gitt tilgang til teiepliktig informasjon om barnet. Den einskilde barnehage eller skule informerer om rutinar for å hente inn slik godkjenning.
Tilgang for personar som ikkje er definert som barnet sine nære omsorgspersonar
Personar som ikkje er definert som barnet sine nære omsorgspersonar kan ha behov for å vite om det skjer noko særskilt akkurat dei dagane når dei har omsorg for barnet. Døme på dette er når besteforeldre eller ein nabo skal passe barnet. Føresette kan ta direkte kontakt med barnehagen eller skulen per telefon for å be om dette.
Barnet sin medråderett om kven som skal ha tilgang og innsyn
Barnet eller eleven sin rett til personvern og sjølvråderett aukar med alderen. Fram til dei er fylt 18 år vert elevane sin rett til sjølv å avgjere kva føresette (og andre) skal få vite om skulerelaterte forhold styrka (elevvalt foreldreinnsyn). Ditt barn sin alder påverkar derfor kva du som føresett skal få innsyn i.
Rettar for barn basert på alder:
- 7 år: Barnelova har gitt sjølvråderett til 7-åringar i saker av personleg karakter.
- 15 år: Elevar over 15 år skal gje samtykke i mange saker som gjeld dei sjølve, men føresette har framleis rett til informasjon om barnet fordi dei har plikt til å ta vare på barnet.