Alle barn har rett til eit trygt og godt miljø

Barnehagen og skulen skal jobbe aktivt for å skape eit inkluderande miljø som er førebyggande mot mobbing og plaging, og eit miljø der barn trivst. 

Aktivitetsplikt

Alle som jobbar i oppvekst skal følgje med på at barna har det bra. Dersom ein vaksen veit om, eller trur at eit barn blir mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ho eller han alltid:

  • Gripe inn eller stoppe krenkinga med det same om det er mogleg
  • Alltid seie i frå til fagleiar bhg / driftssjef
  • Undersøkje saka

Dersom undersøkingane viser at barnet ikkje har det trygt og godt må barnehagen/ skulen lage ein plan med tiltak for å sørge for at barnet får eit trygt og godt barnehage- /skulemiljø. Den plikta gjeld uavhengig av kva det er som gjer at barnet ikkje opplever å ha eit trygt og godt miljø. 

Barnet og deg som forelder skal bli informert om kva som blir gjort, og du og barnet ditt har rett til å bli høyrt. Barnets beste skal takast omsyn til i alle vurderingar.