Dersom du/de meiner at barnet ditt/dykkar kan byrje på skulen eit år tidlegare enn normalt, er det mogleg å søkje om dette dersom barnet har fylt 5 år innan 1. april.
Søknad om tidleg skulestart bør sendast i løpet av hausten året før de søkjer om skulestart for barnet, både av omsyn til barnet og for å sikre rimeleg tid til sakshandsaming.
Kva skjer vidare?
Kommunalsjefen vil be Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) om å gjere ei sakkunnig vurdering. Kommunalsjefen fattar deretter vedtak med bakgrunn i den sakkunnige vurderinga.
Lova gjev ingen rett til framskunda skulestart, men kommunen kan gje slikt løyve dersom PPT tilrår dette. Viktige moment er om barnet er sosialt moden og har gode faglege føresetnader. Det er få tilfelle der søknad om framskunda skulestart vert imøtekomen.
Dersom søknaden kjem seint (etter påske), slik at det vert lite tid til å førebu barnet på tidleg skulestart, er dette eit moment som kan tilseie at søknaden ikkje vert imøtekomen.