Slett gyldig fråvær

Elevar på ungdomsskulen kan søkje om å få fjerna inntil 10 dagar av fråværet frå vitnemålet i løpet av eit skuleår

Krav om sletting av fråvær må framsettast kvart skuleår frå 8.–10. klasse.
Søknadsskjema vert levert til skulen fortløpande og seinast innan 1. juni i det året det vert søkt for.

For å få sletta fråvær må fråværet skuldast følgjande årsaker:

  • Helseårsaker (må dokumenterast med legeerklæring)
  • Innvilga permisjon etter opplæringslova §2-11
  • Heilagdagar for elevar frå trussamfunn utanfor Den norske kyrkja

Saman med søknaden må det ligge dokumentasjon der dette vert kravd, og som ikkje er levert tidlegare.

Når eleven er over 15 år, kan han/hun krevje sletting av fråvær utan at foreldra underteiknar.

Elev/foreldre kan i tillegg krevje at årsak til fråvær blir ført på et vedlegg til vitnemålet.

Det må leggast fram dokumentasjon på fråværet.

Skjema for sletting av fråvær (PDF, 93 kB)