Støtte frå næringsfondetTenkjer du å starte eller utvikle eiga bedrift?Næringsfondet skal bidra til at Bremanger er ein attraktiv kommune for etablering- og utvikling av framtidsretta næringsaktivitet. Kven kan få støtte? Føremålet med næringsfondet er å bidra til at Bremanger er ein attraktiv kommune for etablering- og utvikling av framtidsretta næringsaktivitet. Vedtekter for næringsfondet og strategisk næringsplan skal danne grunnlag for prioritering av prosjekt som får støtte frå næringsfondet. Døme på prosjekt som kan støttast: Kommunalt tiltaks- og næringsarbeid Til dømes drift av kommunen sitt næringsapparat, næringsplanlegging, etablerarprosjekt, samarbeid skule/næringsliv og stadutviklingsprosjekt. Fysisk tilrettelegging for næringsverksemd Til dømes kommunal tilrettelegging av næringsareal, infrastrukturtiltak og fysisk stadutvikling. Bedriftsutvikling Til dømes etablerartilskot, kompetanseutvikling, produktutvikling, marknadsundersøkingar og planlegging. Investeringar i bedrifter Til dømes utstyr, maskiner og bygningar ved oppstart og utviding av bedrifter. Kulturaktivitetar/ -arrangement som bidreg til bulyst og gjev positive ringverknadar for lokalt næringsliv Prosjektmidlar til kulturtiltak vert handsama etter eigne retningslinjer. Slik søkjer du Du søker ved å bruke elektronisk skjema.Søk om støtte frå næringsfondet Søknadsfrist Det er ikkje sett noko søknadsfrist. Søknadar vil bli handsama fortlaupande. Kva skjer vidare? Søknaden vil bli sakshandsama og lagt fram for formannskapet for vedtak. Etter sakshandsaming og vedtak i formannskapet vil sakshandsamar sende kopi av vedtak til søkjar. Klage Klage på avslag om støtte er einskildvedtak etter forvaltningslova § 2 og kan påklagast, jamfør forvaltningslova § 28. Regelverk Retningslinjer for bruk av næringsfondet i Bremanger kommune (PDF, 142 kB)Vedtekter for næringsfondet (PDF, 97 kB)Strategisk næringsplan (PDF, 2 MB)Kommunestyresak 014/15 (PDF, 105 kB)