Aktiv jobb

Bremanger kommune har dagaktivitetstilbod til deg som av ulike årsaker står utanfor ordinært arbeidsliv. Tilbodet skal bidra til ein aktiv og meiningsfull kvardag saman med andre. 

Ein må vere motivert for aktivitet og ulike arbeidsoppgåver, og ein må kunne samarbeide med andre i større eller mindre grupper. Søkjar må ha behov for rettleiing, trening, aktivisering og vedlikehald av ferdigheiter. Tilbodet omfattar ikkje helsetenester.

Kva kan vi tilby  

I Bremanger Kommune har vi to læring og aktiviseringsstader. Det er på Bakarhuset i Svelgen og Aktivitetstunet på Hauge i ytre Bremanger.

Ut i frå søknad og vedtak om tenesta, vil ein tilpasse ditt behov for oppfølging. Dei to tilboda har forskjellige arbeidsoppgåver og opningstidene er brukartilpasse. Men begge stadane har ei kjernetid kvar arbeidsdag frå kl.09.00-15.00. Ein har noko redusert tilbod i ferieperioden om sommaren, samt i julehøgtida.

Tilbodet er gratis.